Solfrid Aksnes | |||
Berlin 8. november - 20 desember 2010 | |||
Solfrid er biletkunstnar og har si kunstutdanning frå Kunstakademia
i Trondheim og Bergen på 70-talet. I dag er det arbeid med collagen
som opptar ho mest. Den gjev stort rom for oppdagingsferd og leik i den
skapande prosessen. Med 6 veker i Berlin vart det god tid til å utforske kunstarenaene i metropolen. Det som likevel inspirerte mest frå opphaldet var besøka hjå ei heil rekkje kunstnarar i deira atelier på open dag. Og ikkje minst gav opphaldet ro til å fokusere på eige kunstnarskap og vegen vidare. I Hardanger er Solfrid arbeidande styreleiar for kunstnarforumet Harding Puls og er aktiv pådrivar i dei kunstprosjekta forumet arbeider med både i og utanfor regionen. |
|||
![]() |
|||
![]() |
|||
![]() |
|||