Opphald kan søkjast av profesjonelle kunstnarar i,- eller med tilknyting til Hardanger innanfor alle fagfelt, men ulike faggrupper kan bli prioritert år for år.

Søknad om opphald vert lyst ut om hausten for opphald påfølgjande år.
Det kan søkast opphald på inntil 3 måneder pr. kunstnar, og det er fleksibilitet i ordninga når det gjeld lengde for opphaldet. Det kan og søkjast om lengre opphald i dei tilfelle der opphald er knytt til spesielle kontaktar med institusjonar og liknande.


Fylgjande vektleggjast i handsaming av søknadane:
- Kvalitet og framdrift på søkjaren sitt kunstnarlege arbeid fram til tidspunktet for søknad.
- Søkjaren sitt kunstnarlege potensiale.

Søknadane vurderast av administrasjonen og tildeling vert gjort av den gruppa som til ei kvar tid har fullmakta. Vurderinga skjer i samråd med relevant kunstfagleg kompetanse.

Les meir om søknadskriteria på søknadsskjemaet.

Søknadsfrist for opphald i 2016 er 15. september 2015.

Når det gjeld retningslinjer og husreglar for opphald i leilegheita, vert det nokre endringar. Dei viktigaste er:

- Minstetid for opphald er 1 månad.
- Besøk skal det søkjast om i søknaden. Det skal vera begrensa i tid.
- Viktig å ta hensyn til naboar og huseigar sine ynskjer.

Søknadsskjema kan du laste ned her

Skjemaet kan du skriva ut og senda i posten,
eller fylla ut som Word-dokument og sende på e-post.