|
Formalitetar
• Hardangerrådet IKS er på vegne av Hardangerkommunane
ansvarleg for og administrerordninga Hardanger sitt kunstnarhusvære
i Berlin.
• Hardangerrådet IKS er den formelle avtaleparten med huseigar
i Berlin.
• Hardangerrådet IKS kan delegera avgjersfullmakt til ei tildelingsnemnd.
Kriterier for opphald
1. Opphald kan søkjast av profesjonelle kunstnarar i Hardanger
eller med tilknyting til Hardanger innenfor alle fagfelt.
2. Søknad om opphald vert lyst ut om hausten for opphald på
følgjande år.
Som retningsgjevande regel vert det høve til eit opphald på
inntil 3 månadar pr. kunstnar. Minstetid for opphaldet er 1 månad,
og det bør vera ei fleksibilitet i ordninga når det gjeld
lengde for opphaldet innanfor desse rammene.
Det kan og søkjast om lengre opphald i dei tilfelle der opphald
er knytt til spesielle kontaktar med institusjonar og liknande.
Ynskjer søkjaren besøk av familie /vener i perioden skal
dette søkjast om i sjølve søknaden om opphaldet.
Besøk må vera avgrensa i tid og omfang, sidan dette er eit
studie/arbeidsopphald.
Det er ikkje høve til framleige eller utlån til andre.
3. Følgjande skal vektleggjast i handsaming av søknadane:
- Kvalitet og framdrift på søkjaren sitt kunstnariske arbeid
fram til tidspunktet for søknad og søkjaren sitt kunstnariske
potensiale for vidare utvikling.
- Plan for opphaldet. Vis eventuelt til kontaktar med institusjonar, nettverk
etc.
4. Søknadane vert vurderte av administrasjonen og tildeling vert
gjort av den nemnda som til ei kvar tid har fullmakta. Vurderinga skal
skje i dialog med relevante kunstfaglige miljø.
5. Ordninga skal årleg rapporterast til Hardangerrådet.
Husleigereglar
• Tildelt opphald er gratis for kunstnarane. Inkludert oppvarming,
straum, kabelnett og breiband. Jf . Leigekontrakt pkt. 2.
• Brukarane/kunstnarane forpliktar seg til å setja seg inn
i og å følgja reglane i avtalen mellom Huseigar og Hardangerrådet.
Jf. Leigekontrakt pkt.1 og særleg pkt. 4.
• Husværet er enkelt møblert og skal forlatast i den
stand det vart ved innflytting. Eventuell skade må erstattast. Feil
og manglar skal snarast meldast Hardangerrådet. Jf. Leigekontrakt
pkt 4.
• Huseigar har avtale med ein kontaktperson i Berlin for tilsyn
og praktiske råd. Jf. Leigekontrakt pkt. 4.
Kunstnarar som får tildelt opphald mottek ikkje stipend knytt til tildeingsperioden i tillegg, slik prkasis har vore tidlegare.
|
|