REIDUN HORVEI | |||
Berlin 20. juni - 3. juli 2011 | |||
Eg er fylkeskvedar i Hordaland og har arbeidstilhøve ved Hardanger
folkemuseum. I tillegg er eg sopran, pedagog, kordirigent og skribent. Scenisk
energi og konsentrasjon opptek meg der den tekstlege bodskapen er sentral
og utgangspunkt for verksemda mi. Musikken er eit naudsyn, ein grunnpillar
i mitt tilvære. Berlin, ein metropol - eit mekka for kunstnarlege
opplevingar. Ein fristad for ytringar, draumar, inspirasjon og arbeid. Vart
tildelt frå 15. mai -3. juli. Eg vart i fjorten dagar. Heilt og fullt
vart tida nytta både innan skrivearbeid, ulike konsertar/framsyningar
og vitjing av byens enorme museumssamlingar. Etter Berlinopphaldet hadde eg ei vekes rundreise i landområda Sachsen og Thûringen for å oppsøkja røtene til den tyske klassiske musikken, litteraturen og stadane der reformasjonen i si tid starta. Såleis fekk eg med både Bach i Eisenach, Dresden og Lepzig, Goethe, Schiller og Liszt i Weimar, og Mendelssohn, Grieg og Schumann i Leipzig. I tillegg til Luther og dei andre reformatoarane i Eisenach og Wittenberg. Ein svært inspirerande periode! |
|||
![]() |
|||
Foto:
Kay A. Berg |
|||
![]() |
|||
Foto:
Kay A. Berg |
|||