Lars Ove Seljestad
heimeside på Aschehoug
 
     
  Berlin april- juni 2012  
     
 

Eg er født i Odda i 1961. Etter mange år med utdanning, arbeid og undervisning, braut eg i 2002 av den akademiske karrieren min og begynte på Årsstudiet i skapande skriving ved Skrivekunstakademiet i Hordaland .
Sidan debuten min i 2005, har eg gitt ut tre romanar (Blind 2005, Frægd 2009, Fjorden 2011 og ei essaysamling (Bastard 2006).
Til Berlin dreg eg for å starta opp arbeidet med min fjerde roman. Det er slik eg brukar å gjera det: Åleine. På eit rom i ein tysk by. Med eit begjær etter tekst i kroppen. Ein lengt etter å skapa noe eg ikkje har visst om. I ein sjølvpåført tilstand av utanforskap blir mine bøker til.
Slik skal det bli i Berlin våren 2012 òg, tenker eg.

 
 
 
   
 
Foto: priv.
 
 
 
   
 
Foto: priv.
 
 
 
   
 
Foto: priv.