Ingerid Jordal | |||
Berlin april-juni 2010 | |||
Billedkunstnar/fotograf. Eg er fødd i Odda og har
utdanna meg i England. Sidan eg fullførte Master i fotografi frå
University of Westminster har eg budd i Norge og arbeidd som fotograf, jorunalist
og no som dagleg leiar på I galleri i Vadsø. Eg i hovudsak
arbeidd med sosial dokumentar og bildespel, ofte i samarbeid med musikarar.
Då eg drog til Berlin hadde eg hatt ein lang pause frå fotografering
og prosjekter, mykje på grunn av fulltidsjobb. Under opphaldet i Berlin
fekk eg tid og plass til å fordjupa meg i det kunstnarlege arbeidet
igjen. Medan eg var i byen holdt eg liv i ein berlinarblogg og starta eit
samarbeidsprosjekt med ein tysk fotograf som vi planlegg å stilla
ut i løpet av året. Opphaldet har gitt meg mange inntrykk som utvilsamt kjem til å spora fleire prosjekt. Å få moglegheita til å oppleve og bu i ein storby har vore svært fruktbart for meg, som ein kontrast til heimstaden. Kreativitet skjer når motstridande tankar kolliderer, og her fekk eg nye impulsar, inspirasjon og kanskje litt "sjokk". Minst lika fint var det å få moglegheita til å lengte heim att, for å ta fatt på dei nye prosjekta og tankane som spring fram medan ein er på reise. |
|||
![]() |
|||
fra
serien Skål, Vadsø 2009 |
|||
![]() |
|||
fra serien
Drakt, uten tittel 2004 |
|||
![]() |
|||
U.T.
2010 |
|||