Benedicte Maurset
heimeside
 
     
  Berlin mai 2011  
     
 

Benedicte Maurseth (f. 1983) kjem frå Eidfjord i Hardanger, men er i dag busett i Bergen som frilansmusikar. Ho byrja å spela hardingfele då ho var sju år gamal hjå meisteren Knut Hamre, og tradisjonsmusikken frå Hardanger er spesialfeltet hennar som ho også har studert ved Ole Bull Akademiet. I dei seinaste åra har ho også arbeidd som songar, og sjølv om det er den solistiske musikken som står hjarta hennar nærast, arbeider ho også med mange av dei fremste kunstnarar på tvers av sjangrar, særleg innanfor tidlegmusikken, men også mykje saman med forfattarar og skodespelarar.

Maurseth har tidlegare gjeve ut to CD-ar: Rosa i botnen (2006) og Fodne ho svara stilt (2008), og ho vart i 2007 kåra til "Årets unge folkemusikar" av Rikskonsertane og til vinnar av INTRO-folk.
Dei siste par åra har Maurseth også byrja å komponera ny folkemusikk, og ho har fått særs gode kritikkar for musikken sin til teaterversjonen av Andvake ved Det Norske Teatret i 2009.
Alde er den fyrste solo-CD-en hennar.

 
 
 
   
 
Foto:Anders Bergersen / Rikskonsertene
 
 
 
   
 
Foto:Grappa
 
 
 
   
 
Foto:Anders Bergersen / Rikskonsertene